Tenesteomtale
Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for grunnskular, og fylkeskommunen skal gi forskrift om ordensreglement for vidaregåande skular. Reglementet skal gi reglar for orden og oppførsel og kva som skjer når nokon bryt reglane.
Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre.
Ein kan ikkje nytte sanksjonar som ikkje går fram av ordensreglementet. Ein må uansett ikkje nytte fysisk refsing eller anna krenkjande handsaming.
Bortvising ved brot på ordensreglementet
-
Elevar på 1.‒7. trinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen. Ved bortvising for resten av dagen skal ein varsle føresette.
-
Elevar på 8.‒10. trinn kan visast bort i opptil 3 dagar.
-
Elevar på vidaregåande trinn kan visast bort i opptil 5 dagar eller resten av skuleåret dersom regelbrotet er alvorleg.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule og deira føresette.
Kriterium/vilkår
Før rektor sjølv gjer vedtak om bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før ein gjer vedtak om bortvising.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa