Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kulturskule

  • Generelt om tjenesten

    Alternativt navn

    Musikkskule

    Tenesteomtale

    Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod. Tilbodet er organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.

    Over 30 % av elevane i grunnskulen går på kulturskulen. Mange av desse deltek på fleire tilbod. I tillegg har nokre elevar over grunnskulealder, og ”Fargeband” for vaksne med særskilte behov, tilbod i kulturskulen.

    Kulturskulen er arbeidsgjevar for dirigent og juniordirigent for Kviteseid Hornmusikk, der aspirantar og juniorar får undervisning på fleire ulike korpsinstrument.

    Kontakt Kviteseid hornmusikk direkte for spørsmål om korps.

    Kviteseid kulturskule har i dag 7 lærarar i stillingar av ulik storleik.

    1. Tilboda i kulturskulen i Kviteseid

    Faste tilbod:

    Piano
    Gitar (akustisk og elektrisk)
    Bass
    Slagverk
    Hardingfele
    Fiolin (i samarbeid med Seljord kulturskule)
    Vokal (helst med eit akkordinstrument i tillegg)
    Band
    Dans grupper
    Korpsintrumenter (i samarbeid med Kviteseid Hornmusikk)

    Frå tid til annan held kulturskulen meir kortvarige kurs/prosjekt. Slike opplegg blir kunngjort særskilt.

    Den individuelle instrumentalopplæringa er på 30 min. kvar veke. Gruppetime varar 45-90 min. Banda har 60 min. Undervisning er frå kl 14 og utover ettermiddagen/kvelden.

    Hovuddagar for undervisning musikk er måndag og tysdag, kunst på onsdag og band på torsdag.

    Elevane plikter å møte førebudd og til avtalt tid. Dersom ein er forhindra frå å møte, ein seie ifrå i god tid.

    2. Tilsette og telefonnummer:
    Rektor Eli Taugbøl, tlf. 35 05 53 32/996 47 076                   
     
    Lærarar:

    Martin Krause, Gitar, bassgitar, band.    
    Tlf. 908 04 519

    Kalina Dimitrova, Piano
    Tlf. 486 19 143

    Eli Taugbøl, Hardingfele/”intro-musikk”.
    Tlf. 996 47 076

    Aneesh Asokh, dans.
    Tlf. 469 42 363

    Korps:

    Merethe Reinskås, Dirigent Kviteseid Hornmusikk.
    Tlf. 911 74 789

    Ingri Elise Engeland, Dirigent juniorkorps.
    Tlf. 41 469 882

    Målgruppe

    Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule

    Vaksne får plass om det er ledig.

    Kriterium/vilkår

    Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å ta imot eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven.

    Prioriteringa ved opptak er:
    1. Elevar som har plass frå før.
    2. Elevar frå grunnskulen
    3. Elevar frå vidaregående skule
    4. Vaksne
    Om det ikkje er plass, vert søkjaren sett på venteliste.
     

    Pris for tenesta

    Oppdatera prisar og rabattar for kulturskulen finn dykk under "Prisar og betalingssatsar for kommunale tenestar" på venstre side på framsida til kommunen.

    Faktura blir sendt ut to gonger per år - vår og haust.

    Kulturskulen har nokre fiolinar til leige (kr 400- per år). Utanom dette er det vanleg at elevane nyttar eigne instrument.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Norsk kulturskoleråd
    aaa
  • Lover og forskrifter

    Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge. Se opplæringslova § 13-6 Musikk- og kulturskoletilbod.

    Lover

    Opplæringslova

    Vedtekter

    Kulturskulen vedtekter
    ___
  • Skjema

    Skjema

    Kulturskulen - Søknadsskjema (elektronisk)

    Søknadsfrist

    Søknadsfrist er 1. mai.

    Søknaden sendes til

    Kulturskulen

     

  • Saksbehandling
  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Kviteseid musikk og kulturskole
    Telefon:35 05 53 32
    Postadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse:Knut Taraldsens veg 6 3850 KVITESEID

    Kontaktpersoner

    Navn:Eli Taugbøl
    Tittel:Rektor
    Telefon:35 05 53 32
    Mobil:996 47 076
    Epost:eli.taugbol@kviteseid.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-01-09 14:33