Kviteseid PPT
Kviteseid PPT vart oppretta 01.01.2025 og no ein sjølvstendig teneste.
Kviteseid PPT skal vere ei rådgivande teneste som båe utredar og er rådgjevande kring barn behov for speialpedagogisk hjelp og behov for spesiell tilrettelegging. PPT skal jobbe både på systemnivå og individnivå. Tenesta skal også følgje opp vaksne som har behov for spesialundervising på grunnskulenivå.
Forskjellige utfordringar
Utfordringar kan vise seg på forskjellige måtar. Det kan vere faglege vanskar, sosiale vanskar eller utfordringar i systemet rundt barnets opplæring.
PPT skal også kartleggje, gi råd og utarbeide sakkunnigvurdering for barn og elevar som har behov for det.
Døme på utfordringar:
- Språk- og talevanskar
- Konsentrasjonsvanskar
- Sosiale og emosjonelle vanskar
- Åtferdsvanskar
- Syn- og høyrslesvanskar
- Generelle lærevanskar eller fagvanskar
- Lese- og skrivevanskar
- Matematikkvanskar
- Nonverbale lærevanskar
Bekymringar kring barnets utvikling
Om de som føresette er bekymra kring barnets utvikling ta kontakt med helsestasjon, barnehage eller skule. Som regel kan dei hjelpe og kan vere med på å lage opplegg som ikkje krever sakkunig vurdering. Om vanskane vedvarer må helsestasjon, barnehage, skule eller dykk sjølv melde inn sak til PP-tenesta.
Pass på å fylle ut alle skjemaene som ligg under barnets alder.