Folkehelsearbeid er samfunnets totale innsats for å oppretthalde, betre og fremje befolkninga si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrkje faktorar som bidreg til betre helse. Hensynet til befolkninga si helse skal ivaretakast i kommunen og fylkeskommunen si planlegging. Dette følgjer både av folkehelselova og plan og bygningslova § 3-1.
Her finn du folkehelsemelding 2012 - 2022 for Kviteseid kommune.
Folkehelsekoordinator og folkehelsearbeid
I Kviteseid er folkehelsekoordinator lagt under helsestasjonen,
og det helsesjukepleiar Martha Angelica Roholdt som er ansvarleg.
Oppgåvene som folkehelsekoordinator
- Drive systematisk og langsiktig samfunnsplanlegging for å betre folkehelsa
- Finne områder i kommunen kor det trengs målretta helsefremjande innsats
- Koordinere førebyggande innsats i kommunane
- Bidra til samarbeid mellom sektorar og tenester
- Styrke innsatsen for tidleg intervensjon
- Halde eit konstant fokus på behovet for førebygging og synleggjere dette behovet
- Ta ansvar for folkehelsearbeidet gjennom å ansvarleggjere andre
Folkehelseprofilar
Kvart år utarbeider folkehelseinstituttet folkehelseprofilar for kommunane i landet.
Kviteseid kommune bruker folkehelseprofilane som ein av fleire kjelder for å kartlegge helsetilstanden i kommunen og for å sjå kva slags innsatsområder som skal prioriterast.
Målet med folkehelsearbeid er fleire leveår med god helse i befolkningen og å redusere sosiale helseforskjellar.