Kviteseid skule har hatt språk som satsingsområde saman med resten av oppvekstsektoren og er ein språkkommune. Skulen har læringsbrett til alle elevar og lærarar og digitale tavler i alle klasserom. Kviteseid skule har vore med i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" i regi av utdanningsdirektoratet og jobbar kontinuerleg for at alle elevar skal trivast og ha eit trygt og godt skulemiljø.
Som alle andre skular jobbar Kviteseid skule med å implementere læreplanen Kunnskapsløftet 20. I det høve er fokus på læring gjennom tverrfagleg samarbeid og å integrere dei tre tverrfaglege tema (livsmeistring og folkehelse, demokrati og medborgarskap og bærekraftig utvikling) i skulekvardagen.
Skulefritidsordning (SFO) og leksehjelp
SFO på Kviteseid skule held til i nyoppussa lokale i same bygning som 1.-4. trinn. SFO skal vera ein stad for leik og læring, og SFO legg til rette både for frileik og organiserte aktivitetar. SFO serverer eit måltid kvar dag. SFO er open kl. 07:30 - 08:00 og kl. 13:50 - 16:45.
Det er SFO som organiserer leksehjelp. Leksehjelp er eit tilbod til elevar på 3.-6. trinn. Leksehjelp foregår på måndag og torsdag og er eit gratistilbod.
Di søkjer plass via Visma Foreldreportalen.
For meir informasjon om SFO, sjå vedtekter.