Eigedommar som er fritekne for konsesjon:
- Hovudregelen er at du kan ta over ein bygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og ikkje har meir enn 35 dekar dyrka jord utan å søkje om konsesjon. For ubygd eigedom er grensa 2 dekar
- Ei tomt som er lagd ut til bustad, hytte eller naust er også som regel friteken frå konsesjonsplikt. Dei fleste typar leilegheiter er også konsesjonsfrie.
- Ubebygd areal som ikkje skal brukast til landbruk
- Overtaking av eigedom frå nær familie
- Når du som tek over eigedommen har odelsrett
Som regel må du sende inn eit skjema om eigenfråsegn om konsesjonsfridom. For landbrukeseigedomar skal du nytte det grøne skjemaet LDIR-360. For andre eigedomar nyttas det raude skjemaet LDIR-356 for kommunar med nedsett konsesjonsgrense.
Søkje om konsesjon:
Dersom eigedommen ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon på skjema LDIR-359.
Vilkår:
- Konsesjon på landbrukseigedomar blir vurdert i samsvar med konsesjonslova §9 og §9a
- Konsesjon på bustadeigedomar blir vurdert i samsvar med konsesjonslova §10
Pris:
Du må betale eit gebyr for handsaminga av søknader om konsesjon.
Lovar og retningsliner:
- Forvaltningsloven
- Konsesjonsloven
- Forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m.
- Forskrift om konsesjonsfrihet mv.
- Konsesjon, priskontroll og boplikt (M-3/2017)
Søknadsprosessen:
Du må bruke skjema frå Landbruksdirektoratet når du skal søkje om konsesjon. Skjemaet sender du til den kommunen som eigedommen ligg i.
Skjema:
Skjema LDIR 360, LDIR 356, LDIR 359
- Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av landbrukseigedom mv - LDIR 360
- Eigenfråsegn om konsesjonsfridom for andre eigedomar - LDIR 365
- Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom - LDIR 359