Målet med tenestene er å bidra til å fremme sjølvstende og styrke evna til å meistre eige liv, samt å bidra til å bryte/motverke isolasjon og inaktivitet. Tilboda gjeld deg som har psykiske vanskar eller lidingar, og/eller rusrelaterte vanskar. Pårørande til personar med psykiske lidingar og /eller rusrelaterte vanskar kan og få tilbod om støttesamtaler.
Tenesta omfattar hjelpetilbod til både born, ungdom og vaksne. Ei 100 % stilling er øyremerka arbeid med barn/unge. Denne stillinga samarbeider tett med helsestasjon, grunnskulen og Kvitsund gymnas.
Tilboda omfattar:
- Individuelle samtaler
- Heimebesøk/miljøarbeid
- Ulike gruppeaktivitetar for å bryte/motverke isolasjon og inaktivitet
- Koordinering av tenester og utarbeiding av individuell plan
- Samarbeid med andre aktuelle instansar som t.d. fastlege, Nav, Kvito og spesialisthelsetenesta.
- Oppfølging av ruskonsulent
Tilbod ved Krodokk dagsenter:
Gruppeaktivitetane har utgangspunkt på Krodokk dagsenter
Opningstider:
Måndag: kl. 10.00 - 15.00
Tysdag: Tilbod om bruk av styrkerommet i Kviteseidhallen (trening på eigen hand).
Tenesta har eige nykkelkort som kan hentast hos oss.
Kvinner kl. 09:00-10:00
Menn kl. 10:00-11:00
Tysdag: Lunsjgruppe for kvinner kl 10:00
Torsdag: kl 15.30 -21:00 i partalsveker (veke 2,4,6 osv).
Disse tilboda er vedtaksbasera. Dette tyder at du må søkje vedtak via Tenestekontoret for å delta. Tilbodet vert så langt som råd tilrettelagt etter brukarane sine ynskje om aktivitetar innanfor dei rammene me har. Det blir servert eit fellesmåltid alle dagar, som kostar 25 kr per gong.
Lågterskeltilbod (tilbod som er åpent for alle, og der det ikkje er behov for vedtak):
Bålgruppe ved Ågapet kvar onsdag frå kl 12 – 15. Det blir servert kaffe og noko å bite i.
Hobbygruppe annankvar torsdag (oddetalsveker) kl 11.00 – 15.00 på Krodokk dagsenter.
Andre aktivitetar opent for alle:
- SYKLING - Me har ein trimsykkel du kan bruke
- VEVING - Tilsette ved dagsenteret kan hjelpe deg om du har lyst til å veve
- SYMASKIN - Tilsette kan hjelpe deg om du ynskjer forsøke reparere noko, eller kanskje sy noko nytt?
Det er tilsette ved dagsenteret som kan hjelpe deg med desse aktivitetane på følgande tidspunkt: måndag kl 10:00-15:00.
Tilbod som ikkje krev vedtak er gratis, men du må ringe for å avtale når du vil koma.
Me har og ei facebook-side (Kviteseid psykisk helse- og rusteneste).
Den er open for alle og oppdaterast jamnleg.
Ynskjer du å koma i kontakt med oss?
Du kan be fastlegen din henvise deg til oss. Du kan også sjølv ta kontakt med tenestekontoret og søke om tenester. Du finn meir informasjon om tenestekontoret og søknadsskjema her.
Du kan og ta direkte kontakt på psykisk helse- og rusteneste sin vakttelefon: 97 79 04 76.
Den er bemanna måndag til fredag frå kl 08.00 – 15.30.
Tenesta omfattar ikkje akuttfunksjonar. Dette blir ivaretatt av legekontor/legevakt.
Nyttige lenker:
Rådet for psykisk helse https://www.psykiskhelse.no/
Mental helse https://mentalhelse.no/
Landsforeningen for pårørende innen psykiatri http://www.lpp.no/
Pårørande berørt av rus: Pårørande berørt av rus - Ivareta
NKS veiledningssenter for pårørende NKS Veiledningssenter for pårørende - Selvhjelp Norge
Rådgivining om spiseforstyrrelser https://nettros.no/
Landsforeningen for etterlatte ved selvmord https://leve.no/
Kirkens SOS https://www.kirkens-sos.no/
Hjelpelinjen for etterlatte ved selvmord https://hjelpelinjen.no/
RUStelefonen http://www.rustelefonen.no/
Angstringen https://angstringen.no/
IKS, Interessegruppa for kvinner med spiseforstyrrelser http://www.spisfo.no/
Senteret mot seksuelle overgrep http://www.smstelemark.no/
Alarmtelefon for barn og unge https://www.116111.no/
Voksne for barn https://www.vfb.no/
Rødekors kontakttelefon https://korspaahalsen.rodekors.no/
Homofiles ungdomstelefon https://ungdomstelefonen.no/