Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytt til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.

Målgruppe:
Landbruksføretak

Vilkår:
Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott.

Partnarar:
Fylkesmannen utarbeider Regionalt miljøprogram for fylket i samråd med næringsorganisasjonane, fylkespolitikarar og annan miljøfagleg kompetanse. Kommunane får miljøprogrammet til høyring før det blir fastsett. Landbruksdirektoratet godkjenner dei regionale miljøprogramma etter samråd med avtalepartane i jordbruksoppgjeret.

Rettleiing:
Du finn rettleiing om tilskotsordningane og søknadsprosessen hos fylkesmannen i Vestfolt og Telemark.
Du kan og kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordninane.

Vedlegg:
Kart som viser tiltaksgjnnomføring.

Søknadsfrist:
15. oktober kvart år.

Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Landbruksdirektoratet klageinstans.