Vilkår:
- Nabovarsling må vere gjort
- Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Pris:
Du betaler eit gebyr for saksbehandlinga.
- Gebyr for behandling av plan- og byggesaker og utsleppssøknadar for Nissedal og Kviteseid kommune ( legg inn lenke til ny nettside)
Brosjyrer:
Hvor stort kan du bygge
Direktoratet for byggkvalitet
Lovar og retningsliner:
Plan- og bygningsloven § 20-2 og kapittel 29
Byggesaksforskriften § 3-2
Forvaltningsloven
Plan- og bygningsloven
Byggesaksforskriften (SAK 10)
Søknadsprosessen:
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå eitt eller fleire av vilkåra (sjå over).
Skjema:
Byggesaksblankettar for utskrift eller lagring finn ein her
Web-basert søkesystem – ByggSøk
Vedlegg:
- Situasjonskart
- Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
- Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader
Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.
Behandling:
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.
Behandlingstid:
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå anna myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det derimot kome protestar frå naboar/gjenbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyve for gjeve.
Finansiering:
Sjå tilbod til landbruk på Innovasjon Norge.
Høve til å klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.