Du kan søkje om tilskot og lån til investeringar og bedriftsutvikling innan trasdisjonelt landbruk og tilleggsnæringar som nyttar ressursar på garden.

Midlane blir sette av i jordbruksavtalen. Dei skal leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping og bidra til sysselsetting, busetting og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedomen spesielt.

Målgruppe:
Eigar av landbrukseigedom eller registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket

Vilkår:
Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg.

Innovasjon Norge Vestfold og Telemark sine heimesider med kontaktinformasjon  og retningsliner ligg her.

Oversikt over tilbod og veg til elektronisk søknad for landbruket og tilleggsnæringar finn du her

Det er berre mogleg å søke elektronisk.