Det er fire typar seksjonering:
1. Seksjonering av nybygg
2. Seksjonering av eksisterande bygg
3. Samanslåing og deling av eigarseksjonar, Eigarseksjonslova § 20
4. Reseksjonering med bakgrunn i Eigarseksjonslova § 21

Søknad

Søknadsskjema Søknad om seksjonering med veileder og Søknad om reseksjonering med veileder må fyllast ut og sendast til kommunen i tre eksemplar. Vedlegg som må følgje med:

  1. Planteikningar i 3 eks. i målestokk for alle etasjar, inklusive kjellar og loft. Bruken av dei enkelte romma skal vera tydeleg avmerka. Det skal vera tydeleg avmerking og nummerering (forslag) av dei einskilde seksjonar med evnt. tilleggsdelar.
  2. Situasjonskart i 3 eks (kartet må vise heile eigedomen med grenser og alle bygg samt parkeringsplassar og fellesareal).
  3. Vedtekter for sameige i 1 eks.
  4. Namneliste over bebuarar/kjøparar i 1 eks.
  5. Rekvisisjon av oppmålingsforretning når ny eigarseksjon omfattar uteareal. Nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon