Eksempel på slike tiltak
- Bygge nye bygningar, konstruksjonar eller anlegg, eller større tilbygg, påbygg eller underbygg til desse
- Vesentlege endringar eller vesentlege reparasjonar av eksisterande bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Fasadeendringar
- Bruksendringar eller vesentleg utvidelse av/vesentleg endring av tidlegare drift av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Riving av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar
- Oppdeiling eller samanføying av brukseiningar i bustadar, samt ana ombygging
- Oppføring av innhegning mot veg
- Plassering av skilt- og reklmaeinnretningar
- Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Større terrenginngrep, og anlegg av vegar og parkerings-/landingsplassar
Søknad m/vedlegg
Søknadsskjema for tillatelse til tiltak (blankett 5174) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå nedanfor). Skjema kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. Vil du søke digitalt kan du gjera det her.
- Opplysningar om ytre rammer og bygningsspesifikasjon (blankett 5175).
- Bustadspesifikasjon i matrikkelen dersom tiltaket omfattar bustader (blankett 5176).
- Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til naboar.
- Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna.
- Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye).
- Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit (som Statens vegvesen, landbruk, Arbeidstilsynet), bør denne vere avklart på førehand.
- Ved bygging over 300 m2, endring/reparasjon over 100 m2, eller riving over 100 m2 skal det utarbeidast avfallsplan/evt. miljøsaneringsomtale.
- Erklæring om ansvarsrett (SØK, PRO, UTF, KTR), evt. søknad om ansvarsrett for sjølvbyggjar. Føretak med sentral godkjenning sender inn kopi av godkjenninga.
- Signera gjennomføringsplan med oversikt over ansvarsområde inndelt i godkjenningsområde og etter tiltaksklasser, kontrollområder, ansvarlege føretak og gjennomføring av oppgåvene.
Før tiltaket kan tas i bruk må ein søkje om ferdigattest
Før tiltaket kan bli tatt i bruk, må søknad om ferdigattest eller bruksløyve sendast inn, og behandlas. Signera og oppdatera gjennomføringsplan samt evt. andre vedlegg må følgje med.