Det er krav om følgjande ved å slå saman eigedomar:
- Eigedomen må ha same eigar
- Eigedomen må ligge i same kommune
- Heftelser på eigedomane må vere like. Dersom det ligg heftelser på ein eigedom som ikkje er på den andre, må dette ordnast opp i før du kan slå saman to eller fleire eigedomar
Søknad
Fyll ut skjemaet krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar.
Legg ved kart som viser dei eigedomane som skal samanslåast. Kart finn du via kartportalen.