Kviteseid omsorgssenter (KOS)
KOS har 30 plassar fordelt på tre avdelingar. Avdeling A er ei skjerma avdeling med 8 plassar for pasientar med kognitiv svikt. Avdeling B er ei avdeling med 11 plassar for langtidsopphald. Avdeling D har 5 plassar for langtidsopphald, 4 korttidsplassar og 1 plass for avlastning. Ein plass er avsett til augeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD) for Kviteseid og Seljord kommune. Dette er eit tilbod som er eit alternativ til sjukehusinnlegging, og er retta mot pasientar med eit avklart problem/diagnose.
KOS er bemanna med autoriserte sjukepleiarar og helsefagarbeiderar heile døgnet. Sjukeheimen har elles tett oppfylging av tilsynslege, fysioterapeut og ergoterapeut.
Du må søkje kommunen ved tenestekontoret om plass på KOS. Før saka kan avgjerast, vil ynska og behova dine bli kartlagt.
Søke om plass på Kviteseid omsorgsenter (KOS)
Det er tenestekontoret som handsamar søknad om plass på KOS. Informasjon og søknadsskjema finn du her.