Tilskott til økologisk landbruk inngår i produksjonstilskottet og omfattar tre ordningar:

  • Omleggingstilskott (eingongstilskott som blir gjeve ved omlegging)
  • Arealtilskott (årleg tilskott til areal som er lagt om til økologisk drift)
  • Tilskott til økologisk husdyrproduksjon

Føremålet med å yte tilskott til økologisk landbruk er å stimulere til å leggje om til og oppretthalde økologiske driftsformer. Tilskotta skal gjere sitt til å kompensere for auka kostnader og avlingsnedgang i den økologiske drifta og medverke til å auke produksjon av økologiske landbruksprodukt.

Målgruppe:
Landbruksføretak

Vilkår:
Føretaket må fylle dei generelle krava til produksjonstilskott i jordbruket.
Arealet og husdyra må kontrollerast og godkjennast av Debio slik at produksjonen er i samsvar med dei krava som blir stilte til produksjon og merking av økologiske landbruksvarer. Debio er ein kontroll- og godkjenningsinstans som fører tilsyn med økologisk landbruksproduksjon i Noreg.

Lovar og retningsliner:

Søknadsprosessen:
Føretak som har søkt om tilskott tidlegare, får tilsendt søknadsmateriell. Andre føretak må vende seg til kommunen.

Søknadsfrist:
15. mars er søknadsfrist for tilskott til økologisk husdyrproduksjon.

15. oktober er søknadsfrist for tilskott til økologisk areal og husdyr.

Høve til å klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.