Barnehagen er opptatt av å møte barna med omsorg, respekt og anerkjenning. Dei vaksne må vera gode rollemodellar for barna, slik at haldningane gjev barna gode verdiar som dei tar med vidare i livet. Vi ser på barna som kompetente, og legg vekt på at dei har rett til å uttrykkje seg og delta, samstundes som alle tar ansvar for kvarandre.
Kvardagen i barnehagen skal planleggjast, dokumenterast og vurderast. Gjennomføringa av planar må vera så fleksible at det er rom for spontanitet og medverknad frå barna.
Barnehagen si pedagogiske verksemd
Barnehagen er ei pedagogisk verksemd, som bygger på eit verdigrunnlag. Barnehagen har til føremål å ta i vare barn sitt behov for omsorg, leik, danning og læring. Barn skal medverke i kvardagen sin, og barnehagen skal samarbeide med heimen. Dette og meir kan du lese om i rammeplanen til barnehagen. Korleis dei ulike barnehagane legg til rette for rammeplanen, kan du lese om i årsplanen til den einskilde barnehagen.