Tenestekontoret tildeler:

  • Lovpålagde helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, pasient- og brukerrettighetsloven og forskriftene knytt til lovene
  • Ikkje lovpålagde tenester etter forvaltningsloven
  • Følgjekort etter nasjonale retningsliner for følgjekort
  • TT-kort (tilrettelagd transport) etter retningslinene frå Vestfold og Telemark fylkeskommune


Tenestekontoret innhentar informasjon og kartlegg trongen for tenester i samråd med brukaren/pasienten eller deira representant. For å sikre god individuell handsaming og rettstryggleik treng tenestekontoret fullmakt til å innhente naudsynte opplysingar, sjå punktet om informert samtykke og fullmakt på søknadsskjemaet.

Tenestekontoret skal sørgje for at:

  • Søkjarane får god og tilstrekkeleg rettleiing og informasjon om tenestene, rettar og plikter
  • Dei ulike tenestene til brukarane og pasientane vert samordna og at tenestene er forsvarlege

Søknadsskjema

Tenestekontoret handsamar alle søknadar om tenester på feltet helse og omsorg.

Her finn du søknadsskjema:

SØKNADSSKJEMA OM HELSE- OG OMSORGSTENESTER 

REGLEMENT FOR SØKNAD OM TT-KORT
SØKNADSSKJEMA TT-KORT