Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av november, har rett på plass. Jf. bhgl § 12a. Barn som fyller eitt år i september, oktober og november, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år.
Det er tre barnehagar i Kviteseid. Kviteseid barnehage og Vrådal barnehage er sjølvstendige einingar med 59 plassar i Kviteseid barnehage og 14 i Vrådal barnehage. Brunkeberg har 42 plassar. Barn under 3 år tar opp 2 plassar.
Målgruppe
Barn 1 til 6 år som bur i kommunen.
Kriterium/vilkår
Desse blir prioriterte ved opptak:
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn som barnevernstenesta har omsorg for
- Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta
Pris
Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Det skal betalast for 11 månader, dvs eit barnehageår. Du finn gjeldande prisar her.
Her kan du lese om moderasjonsordningar for foreldrebetaling.