Skulehelsetilbodet i grunnskulane i Kviteseid
Skulehelsetenesta skal vera eit tilbod som det er enkelt å koma til, kor elevane blir tekne på alvor med sine små og store helseproblem og utfordringar. Me ønskjer å styrke dei faktorane i livet som bidreg til betre helse.
Desse jobbar i skulehelsetenesta:
Psykisk helse barn og unge - sjukepleiar Ingunn Draugedal Birkeland og sosionom Kristin Brekke Moore
Helsesjukepleiar Tone Martinesen Heggtveit
Skulehelsetenesta sine oppgåver:ak - fokus på elevane sitt arbeidsmiljø
Helsesjukepleiar har fast kontortid ved Kviteseid skule kvar torsdag frå kl. 11:00 - 14:30
Det er ikkje fast kontortid på grendeskulane, men planlagte besøk.
Helsestasjon for ungdom (HFU)
Ved helsestasjon for ungdom (HFU) er det fint om du tek kontakt i forkant og bestiller time. Me vil helst sleppe drop-in akkurat no under pandemien. Dette for å hindre at det blir fleire som ventar og oppheld seg på same stad over tid, då vi for tida ikkje har noko venterom ved helsestasjonen.
Me ønskjer å førebygge smitte i samanheng med Coronaviruset.
Opplever du:
Symptom på forkjølelse
Luftvegsinfeksjon
Er i karantene
Har vore på reise dei siste 14 dagane i områder med vedvarande smittespreiing
SKAL DU IKKJE GÅ KOMA PÅ HELSESTASJON FOR UNGDOM.
Eit tilbod til barn og unge frå 13 - 20 år.
Kvar tysdag i skuleåret frå kl. 14:00-16:30
HFU held til i lokala til helsestasjonen, 2. etasje på Helsesenteret.
Du/de vil treffe helsesjukepleiar Vivian. Lege er tilgjengeleg i partalsveker frå kl. 14:00-15:30.
Snapchat: helsesysterkvs.
Ta kontakt dersom:
- Du treng ein vaksen å snakke med
- Har spørsmål kring seksualitet og prevensjon
- Har vanskar med mat og tankar om eigen kropp
- Er einsam, lei deg eller opplever sorg
- Har problemer med rusmidler, sjølv eller i nære relasjonar
Dette er eit lågterskel tilbod, så du treng ikkje bestille time.