Kva er Rask Psykisk Helsehjelp?
Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) er eit gratis tilbod. Du tek sjølv kontakt, utan tilvising frå fastlege. Det er viktig med høg grad av motivasjon, og ynske om endring for å kunne nyttiggjera seg tilbodet.
Helsehjelp frå RPH er basert på kognitiv terapi og eignar seg for deg som ynskjer å jobbe med deg sjølv. Formålet er å lære nye strategiar for å meistre utfordringar i livet. Terapien rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar, kjensler og åtferd
Les meir om kognintiv terapi her.
Hovudtilboda hos RPH er kurs og rettleia sjølvhjelp. I nokre tilfelle tilbyr me eit kortvarig samtaleforløp.
Me har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.
Kven er me?
Rask Psykisk Helsehjelp er eit tverrfagleg samansett team i Vest-Telemark, med brei og god kompetanse. Alle tilsette har lang erfaring frå å jobbe med psykiske helseutfordringar i kommune- og spesialisthelsetenesta. Alle tilsette har også vidareutdanning i psykisk helse/rus og kognitiv terapi.
Fagleiar er Eva Margrethe Ellingsen,
telefon 47 63 56 99
e-post: eva.ellingsen@seljord.kommune.no
Kven er tilbodet for?
Tilbodet er for innbyggjarar i Vest-Telemark frå 16 år og oppover.
- Personar med psykiske plager i lett til moderat grad (angst, depresjon, søvn og/eller stress).
- Personar med relativt nyoppståtte plager.
- Personar som ynskjer å jobbe med seg sjølv.
Kven kan ikkje nytte seg av tilbodet?
- Personar med alvorlege psykiske plager eller alvorlege/omfattande diagnosar.
- Personar med langvarige utfordringar med rus.
- Personar som har fått mykje behandling tidlegare, er i pågåande behandling eller er i påvente av behandling
- Personar som har samansette plager og behov for langvarig oppfølging.
- Personar som primært søkjer hjelp for relasjonelle utfordringar.
- Personar utanfor målgruppa til Rask Psykisk Helsehjelp vil bli losa vidare til andre aktuelle hjelpetilbod, til dømes avdeling for psykisk helse og rus i kommunen, fastlege, Familievernkontoret, spesialisthelsetenesta eller andre.
Våre tilbod - kurs og grupper
«TANKEVIRUS»
Tankevirus er ein premiert metode (Helseprisen 2016) som blir retta mot førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plager. Tankevirus er basert på normalpsykologi og grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi, og beskriv logiske feilslutningar som ulike "tankevirus" som kan bli kan behandla med "psykologiske vitamin." Les meir her, på www.tankevirus.no
Tankevirus er eit kurs for deg som ynskjer å lære om korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det.
Kurset går over 3 gonger, ca. 1,5 time kvar gong
- Samling 1: Vårt psykologiske immunforsvar
- Samling 2: Tankevirus
- Samling 3: Psykologiske vitamin
For meir informasjon om tilbodet og påmelding:
For påmelding og informasjon om tidspunkt og oppmøtestad, ta kontakt med oss på
e-post: rph@vest-telemark.no eller ring oss på telefon 90 67 01 30.
Kurset er gratis.
«ER DET BERRE MEG?»
Livet skjer med oss alle og det påverkar oss på ulike måtar! Det er fort å tenkje at det er berre eg som slit med vanskelege tankar og kjensler. Men, me har alle ei psykisk helse!
På kurset vil du lære om ulike måtar å meistre utfordringar på, og du vil og få gode verktøy for å jobbe vidare med dette på eigehand, for å kunne bli din eigen terapeut.
Program for kurset:
- Samling 1: TANKEKLUSS Du vil får ei innføring i kva tankar, grubling og bekymring er, og ulike verktøy for å handtere dette.
- Samling 2: KLUMP I MAGEN Du vil få ei innføring i kva kjensler er, kva kjensler me har, kva funksjonar dei har, stressrespons og korleis me kan handtere og tole vanskelege kjensler.
- Samling 3: EG KAN Du vil få ei innføring i kva sjølvkjensle er, kva som kan styrkje og svekkje sjølvkjensla, forskjell på sjølvkjensle og sjølvtillit, og korleis sjølvkritikk påverkar oss.
For meir informasjon om tilbodet og påmelding:
Ta kontakt for meir informasjon om kurset, varigheit, tidspunkt for oppstart, og påmelding.
Send e-post til rph@vest-telemark.no eller ring oss på telefon: 90 67 01 30.
Kurset er gratis.
«STÅ OPP» SØVNBEHANDLING
Tilbodet er for deg som har langvarige søvnvanskar / insomni.
Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarige søvnvanskar. Kjerneelementa til behandlinga er søvnrestriksjon og stimuluskontroll. Dette er velkjende og godt dokumenterte metodar i behandling av kroniske søvnvanskar. Behandlingsprogrammet er og kvalitetssikra gjennom systematisk innsamla data i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og resultata er presenterte i ein vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforeining, august 2020.
Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutiner, og kva endringar du kan gjera for å få betre søvn.
Behandlinga er krevjande for deltakarane, men effektiv. Det er viktig at du er motivert, og klar til å gjere endringar i søvnen. Du jobbar på eigehand med det du har lært i gruppa mellom samlingane.
For meir informasjon om tilbodet og påmelding:
Me ynskjer å invitere deg til ei samtale for å vurdere om dette behandlingstilbodet er noko for deg. Ta gjerne kontakt med oss på e-post: rph@vest-telemark.no eller på telefon: 90 67 01 30.
Tilbodet er gratis.
Du kan lese meir om Stå opp søvnbehandling her:
Rettleia sjølvhjelp
Rettleia sjølvhjelp inneber arbeid med oppgåver på eigehand, i kombinasjon med oppfylging frå ein terapeut. Ein kan bruke ulike typar verktøy: bøker, videoar eller sjølvhjelpsprogram.
Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark nyttar seg av assistert sjølvhjelp, som inneheld ulike sjølvhjelpsprogram på nett. Desse programma er basert på kognitiv terapi, og gir eit godt høve til å tileigne seg ny kunnskap og få konkrete verktøy til å handtere ulike utfordringar.
Programma er delt inn i 6 modular, og ein jobbar sjølv gjennom kvar modul. RPH tilbyr oppfylging i programma i Assistert sjølvhjelp, som inneber at ein får rettleiing av ein terapeut mellom kvar modul.
Individuelle samtaler
I nokre tilfelle tilbyr me kortvarige samtaleforløp.
Her er det og fokus på kognitive verktøy og arbeidsoppgåver/fokusoppgåver mellom kvar samtale.