Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Renovasjon

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Avfallet ditt blir henta regelmessig og så godt det lèt seg gjera, utan sjenerande støy, lukt eller støv. Avfallsbehaldarane blir sette tilbake der dei var og grinder, portar og dører skal lukkast.
     
    Kommunen skal sørgja for kjeldesortering og innsamling av avfall frå
    • Mat
    • Plast
    • Papp og papir
    • Glass og metall
    • Hager og hekkar
    • Tekstiler.
    Kommunen er pliktig til å henta matavfall, plastavfall og papiravfall heime hos deg. Kommunen kan krevja at glas og metall, hageavfall og tekstilavfall blir levert ved returpunkt eller gjenvinningsstasjonar.

    Det er tvungen renovasjon i Kviteseid. For å løyse dei praktiske oppgåvene er det oppretta eit interkommunalt selskap i Vest-Telemark - RENOVEST IKS.

    For å bidra til eit godt miljø skal det skje ei kjeldesortering av avfallet. Dette skjer dels hjå deg som kunde, dels gjennom containarar som er plassert ulike plassar i kommunen og dels gjennom avfallsplassen som ligg på Bunkeberg.

    Som kunde får du kvart år utdela ein kalender som viser tømetidspunkt mv. På heimesida til RENOVEST www.renovest.no kan du lese det du treng å vite om t.d opningstider, sorteringsrettleiing mv.

    Her blir det gjeve eit oversyn over dei ulike abonnementstypane:

    VANLEG ABONNEMENT
    Vanleg husstand får eit standardabonnement som inneheld fylgjande:
    1 restavfallsdunk
    1 papirdunk
    1 matavfallsdunk 
    + naudsynt mengde bioposar til matavfall og sekkar til plast.
    Hentefrekvens: Restavfall kvar 14. dag. Papir/papp og plast kvar 14. dag. Matavfall kvar 14. dag i perioden sept-mai, og kvar veke i juni-juli-august.

    MINIABONNEMENT
    Utstyr som for vanleg abonnent.
    Hentefrekvens: Restavfall kvar 4. veke. Papir/papp og plast kvar 4 veke. Matavfall kvar 14. dag i perioden sept-mai og kvar veke i juni-juli-august.

    HYBEL
    er bueining for utleige med eige kjøkken/kjøkkenkrok eller felleskjøkken.

    FRITIDSABONNEMENT (HYTTER)

    I Kviteseid er det innført tvungen renovasjonsordning for hytteeigarar. Ordninga skal sikre at avfall frå hytteeigarar vert tatt hand om på ein forsvarleg måte.

    Ordninga gjev hytteeigarar rett til å nytte containere som er plassert på forskjellige plasser i kommunen. Kart over dette kan du få på teknisk avdeling.

    STØRRE ABONNENTAR
    Eigedomar, bedrifter, kontorer som har større avfallsmengder kan få utlevera plastdunkar
    på hjul. 3 stk. med dei same fraksjonane som skal hentast hos hushaldningsabonnentane.
    Storleiken på kvar dunk må bestemmast utifrå avfallsmengda.
    NB! Innsamling fylgjer same køyrerute som for vanleg abonnent.

    STORABONNENTAR
    Eigedomar, verksemder og kontor som har større mengder forbruksavfall og der plastdunkar blir for små må nytte container. Desse abonnentane må kjøpe/leige container sjølve og gjera avtale direkte med renovatør.
    Det kan også gjerast kombinasjonsløysingar med dunkar og container.

    Målgruppe

    Private hushald.

    Pris for tenesta

    Renovasjonsgebyret er fastsett i kommunal forskrift.

    Pris:
    Gjennom lov er kommunane pålagt at gebyr fullt ut skal dekke kommunane sine utgifter ved renovasjonaordninga. Prinsippet er at den som ureinar skal betale. Gebyret består av kommunen sine utgifter til RENOVEST med påslag av ein administrasjonsdel. Sidan Kviteseid har ein effektiv administrasjon har kommunen dei lågaste renovasjonsgebyra i Vest-Telemark.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Dette er ei lovpålagd teneste. Kommunen fastset ei renovasjonsforskrift som omtaler ordninga og rettar og plikter for kommunen, abonnenten og renovatøren.

    Sjå
    Forurensingsloven § 30 Kommunal innsamling av husholdningsavfall
    Avfallsforskrifta kapittel 10a.

    Lover

    Forurensningsloven

    Forskrifter

    Avfallsforskriften

    Renovasjon Kviteseid, forskrift

    Vedtekter

    Forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall mv., Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje
    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Kommunen skal leggja til rette for kjeldesortering, medan alle hushald er pliktige til å sortera rett. Nokre døme på kva som høyrer inn under dei ulike avfallstypane er:
     
    Matavfall
    Kaffegrut, tørkepapir, skrottar, rekekall, feitt og matolje.
     
    Plastavfall
    Plastemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som sjampoflaske, innpakning for fisk eller kjøtt, druebeger, isboks, bobleplast
     
    Papiravfall
    Bok med mjuk perm, avis, vekeblad, brødposar i papir.
     
    Glasavfall
    Glassemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som syltetøyglas, glasflaske, hudkremkrukke i glas, medisinglas.
     
    Metallavfall
    Metallemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som hermetikkboksar, påleggstube i metall, syltetøylokk, drikkeboks utan pant, aliminiumsform.
     
    Hageavfall
    Gress, ugras, hageplantar, greiner, røter.
     
    Tekstilavfall
    Tekstiler skal sorterast anten som brukbare eller som øydelagde. Døme er bukser, sengetøy, handkle, skjerf, vottar, hattar, gardiner.

    Skjema

    Renovasjon - Klage (elektronisk)
  • Saksbehandling
  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Samfunnsutvikling og teknisk drift
    Postadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-02-14 09:16