Skjema
- Byggesaksblanketter
- Søknad om løyve til tiltak utan ansarsrett og krav om matrikulering og oppmålingsforretning
Oppmålingsforretning kan gå ut på å
Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal
Oppmålingsforretning må vere utført før det kan opprettast grunnboksblad for nye matrikkeleiningar.
Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet. Dersom kommunen går over fristen for behandling av saka, skal gebyret avkortast med ein tredel. Går fristen lenger enn ytterlegare to månader, skal gebyret avkortast med ytterlegare ein tredel.
Gebyr etter matrikkellova for Nissedal og Kviteseid kommuneKrav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna
For saker som krev løyve etter plan- og bygningsloven (pbl)
Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett og krav om matrikluering og oppmålingsforretning
Bl.5154 Nabovarsel
Bl.5155 Opplysninger gjeve i nabovarsel
Bl.5156 Kvittering for nabovarsel
Situasjonskart
For saker etter matrikkellova (ml) som ikkje krev løyve etter plan- og bygningsloven (pbl)
Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
Interkommunalt plankontor, Treungvegen 398, 3855 Treungen.
Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravt forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.
Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa som hovudregel innan 16 veker.
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Avdeling: | Plankontor |
Telefon: | 35048400 |
Epost: | postmottak@nissedal.kommune.no |
Postadresse: | Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen |
Navn: | Vidar Stigen |
Tittel: | Oppmålingsingeniør |
Telefon: | 35 04 84 32 |
Epost: | vidar.stigen@nissedal.kommune.no |