Tenesteomtale
Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.
Målgruppe
Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.
Kriterium/vilkår
-
Det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
-
Nydyrkingstiltaket bør leggje til rette for driftsmessige gode løysingar
-
For areal over 50 dekar må det gjerast ei vurdering om konsekvensutgreiing
-
For areal under 50 dekar der det er ein risiko for verknader for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn må det også gjerast ei vurdering om konsekvensutgreiing.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnarar
Landbruksdirektoratet
aaa