Miljøplager eller -risiko - meld frå
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Har du helseplager eller blir utsett for helserisiko som knytter seg til forhold i omgivnadene, kan du melde frå om dette til kommunen. Kommunen kan undersøkje saka og eventuelt gje pålegg om konsekvensutgreiingar, retting, tvangsmulkt eller stans.
Plager kan til dømes knytte seg til
- Inneklima i offentleg bygg
- Støy
- Luftforureining eller lukt
- Skadedyr
- Risiko for ulykker
- Røyking
Styresmakter og publikum veit i dag mykje om kor viktig miljøet er for helsa, og om kva som kan føre til sjukdom og plager. Kommunen har eit ansvar for å drive førebyggjande arbeid og føre tilsyn med ulike miljøfaktorar og verksemder, slik som institusjonar, fabrikkar, serveringsstader og husdyrhald.
Målgruppe
Innbyggjarar i kommunen
Kriterium/vilkår
Det er ikkje nødvendig at det allereie har oppstått helseskadar eller ulemper før du melder frå til kommunen. Det kan vere aktuelt å setje i verk tiltak før nokon har blitt sjuke.
-
Lover og forskrifter
Sjå spesielt
folkehelseloven kap. 3 - Miljørettet helseverntobakksskadeloven § 25 Røykeforbud i lokaler og transportmidlerLover
Folkehelseloven
Forvaltningsloven
Tobakksskadeloven
Forskrifter
Forskrift om miljørettet helsevern - Skjema
-
Saksbehandling
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Avgjer kommunen at han ikkje vil gjere noko med saka, blir det òg rekna som eit vedtak som du kan klage på. Har du ikkje fått informasjon om at kommunen ikkje vil gjere noko, gjeld ikkje klagefristen. Du må likevel klage innan rimeleg tid etter at kommunen har avslutta saka. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Kommunelækjaren Telefon: 35 06 82 50 Postadresse: Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID Besøksadresse: Granlivegen 1 3850 KVITESEID -
Andre opplysningar
- Opprettet
- 2016-01-08 10:12
- Oppdatert:
- 2018-12-03 09:12