Statens vegvesen varsler oppstart av detaljregulering av rv. 41 på strekninga kommunegrensa Nissedal - Tanganbekken, jamfør plan- og bygningslova §§ 12-3. 12-8 og 3-7. Strekninga er på ca. 2 km, jf. kartskisse. 

Formålet med planarbeidet er å auke trafikktryggleiken og framkoma på vegen gjennom betre kurvatur og sideterreng. Rv. 41 skal utbetrast til 7,5 m vegbreidde. Det er behov for omlegging av traséen for å klare geometriske krav til ny veg.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing iht. plan – og bygningslova § 4-2 og forskrift om konsekvensutredning. Etter ei samla vurdering er det konkludert med at tiltaket ikkje vil gje vesentleg verknad for miljø eller samfunn.

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller per e-post til firmapost@vegvesen.no innan 16.08.23. Merk innspel med saksnr. 23/94062.

Kunngjeringsdokumenta (brev og kart mv) kan òg sjåast på www.vegvesen.no/vegprosjekter/hoeringer-vegprosjekter.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar turid.hagelia.korshavn@vegvesen.no.

Kunngjeringsbrev datert 27.06.23
Kunngjeringskart datert 22.06.23
Referat frå oppstartsmøte med kommunen den 05.06.23
Notat-vurdering av behov for konsekvenstredning datert 22.05.2023