Saksbehandling
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak.
Saksbehandlingstid
Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå annan myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyvet for gjeve, såframt at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar. Har det derimot kome protestar frå naboar/tverrbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyvet for gjeve.
Klagemulighet
Du kan klaga på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du angi kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen kan gi deg rettleiing.
Klageinstans er statsforvaltaren. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdera om det er grunn til å endra det.