Tenestekontoret har ansvaret for sakshandsaming og vedtaksarbeid innan helse og omsorg, i tillegg til å vera kommunen si koordinerande eining.
Me utfordrast til å tenke nytt og smart i tildeling av både tenester og bustadar i tida framover. Kommunale helse- og omsorgstenester er i stor vekst, samstundes om det økonomiske handlingsrommet er mindre. Kommunen har ein strategisk helse- og omsorgsplan som legg vekt på førebygging og tidleg innsats, der målet er at den einskilde har ein verdig kvardag
gjennom heile livet.
Tenestekontoret har eit stort ansvar for å setje standaren på tenestenivået i kommunen ved å sikre at det blir tildelt rett teneste, i rett tid og i rett omfang. Kommunen sine innbyggjarar skal få likeverdige tenester og kunne bu trygt heime så lenge som mogleg.
Me søkjer no deg som vil ha ei nykjelrolle i dette arbeidet vidare.
LEDIG STILLING
Ved tenestekontoret er fylgjande stilling ledig:
Sakshandsamar, 100 % fast stilling
Arbeidsoppgåver:
• Sakshandsame og fatte vedtak om helse- og omsorgstenester ut frå gjeldande lovverk
• Heimebesøk/kartleggingsbesøk i samband med sakshandsaming
• Arbeid innan det bustadsosiale feltet i kommunen
• Handsame grunnlaget for eigenbetalingar innan omsorg
• Systemansvarleg i EPJ (Profil)
• Gje råd og rettleie andre faggrupper, pårørande og brukarar
• Tverrfagleg samarbeid
• Medverke til fag- og kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar:
• Relevant høgskoleutdanning. Lang erfaring kan kompensere for utdanningskravet
• Ynskjeleg med vidareutdanning innan helse rett eller annan relevant vidareutdanning
• Erfaring med sakshandsaming
• God kompetanse og forståing av helse rett og anna relevant lov- og avtaleverk
• Brei erfaring frå kommunale helse- og omsorgstenester
• Førarkort klasse B
• God digital kompetanse
• Må kunne beherske norsk godt, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
• Vera tydeleg og tole å stå i krevjande saker
• Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert
• Kunne jobbe sjølvstendig og ha stor arbeidskapasitet
• Vera innovativ og nytenkande
• Halde seg fagleg oppdatert
Me kan tilby:
• Ein meiningsfylt og spennande jobb
• Talentprogram for eigne tilsette
• God pensjonsordning
• Konkurransedyktig løn
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.