Helene og Monica skal ha stand på karrieredagen på USN Porsgrunn 22/1-25.
Dette er ein flott arena for å rekruttera sjukepleiarar og vernepleiarar til Kviteseid.
Dei er godt førebudd og tek med seg lykkehjul, bakst og oversikt over ledige stillingar.
Dei gler seg skikkeleg og med godt humør satsar dei på å gjere Kviteseid godt synleg i "byen".
Rapport og bilet frå dagen kjem sjølvsagt.