Er du mellom 12 og 16 år, og har lyst på ein luftig oppleving i sommer? Å gå Via Ferrata betyr at ein går saman i ei gruppe, på ein tilrettelagt klatresti med sikring, oppover mot ein fjelltopp. Det er ein spennande aktivitet for dei aller fleste, men det anbefalast at ein ikkje har høgdeskrekk for å delta.
Tur til Via Ferrata i Fyresdal for deg mellom 12-16 år
DNT Telemark arrangerer klatretur for ungdom i Kviteseid mellom 12 og 16 år til Via Ferrata i Fyresdal 14. juli kl. 11:00-14:00. Turen er gratis.