For året 2025 vil registreringsperioden vere 01. januar - 09. september. Turane kan tidleg i sesongen nås på ski, trug eller på beina seinare på året-
Ti-Topparen vil vere eit tilbod til turinteresserte i alle aldre, og er meint som eit trimopplegg for trivsel og velvære.
Ti-topparen er gratis for alle som ynskjer å delta.
I 2025 har vi 15 toppar fordelt på heile kommunen. Premiering for 10 ulike toppar for vaksne, og 5 ulike toppar for born. I tillegg vil vi trekke to gåvekort på kr. 1.000,- blant dei som har fullført toppane.