Telenor utfall
Grunna driftsproblem hjå Telenor, er Kviteseid kommune sitt sentralbord for tida dessverre ute av drift. Ta kontakt med oss på e-post om det er noko som hastar: post@kviteseid.kommune.no
Det er også problem å nå fram på telefon til legevakt (telefon 116 117) og legekontora.
Øst politidistrikt melder om at det er problem med naudnummer over heile landet. Feilen gjer at oppkoblinga gjeng seint. Folk som ringer opplever at det er stille på den andre sida, men folk må holde linja sjølv om det ikkje er ringetone. Det kan ta alt frå 2-40 sekund.
Ved behov for akutt hjelp: Kviteseid omsorgssenter, Kviteseid kommunehus og brannstasjonen er bemanna.
Du kan nå naudetatane på alternativt telefonnr:
- SørØst Politidistrikt: 33 34 44 00
- Vestfold og Telemark (helse): 64 89 60 00
Leverandøren arbeider med å rette feilen, og me vil melde i frå så snart feilen er retta.