Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Teknisk svikt - bekymringsmeldingar til barnevernet

Publisert , Oppdatert 07. juni 2023
Born som kikkar inn

Colourbox: Born som kikkar inn

Det har vore ein teknisk svikt hos Visma som har ført til at bekymringsmeldingar meldt til enkelte barnevernstenestar gjennom Nasjonal portal for bekymringsmeldingar har forsvunne. Kommunane som høyrer til Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark, og barnevernet sjølv er informert om situasjonen. Teknikarar jobbar med å finne ut om Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er råka. Vi vil kome tilbake med meir informasjon når situasjonen er avklara. Visma har no endra løysinga, og det er trygt å sende bekymringsmeldingar til barnevernet via portalen. De finn skjemaet inne på kommunane si heimeside.