Straumstøtteordning for frivillige organisasjonar med søkadsfrist 15. mars 2022
Målet med tilskotsordninga er å motverke at dei høge strømprisane fører til redusert aktivitet og høgare deltakaravgifter i frivillige organisasjonar.
Krav til organisasjonar som mottar tilskot gjennom kommunane
Alle frivillige organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret kan få tilskot.
Andre verksemder som er eigd av frivillige organisasjonar og har utgifter til straum eller fjernvarme kan få tilskot. Det gjeld til dømes i dei tilfella der eit idrettslag har oppretta eit aksjeselskap for å drifte idrettsanlegget. Det vesentlege er at frivillige organisasjonar (og tilknytta verksemder) som har straum- eller fjernvarmekostnadar får tilskot, uavhengig av korleis eigarskap og driftsform på verksemda som har straum- eller fjernvarmeavtala er organisert.
Andre verksemder med vesentleg innslag av frivillig verksemd kan søke om tilskot. Det gjeld til dømes grendehus eigd av samvirke der frivillig innsats er avgjerande for drifta. Kommunen skal gjere ei konkret vurdering av om verksemda reknas som frivillig drive.
Organisasjonar som leiger lokale der dei dekker løpande straum- eller fjernvarmekostnader kan også søke.
Alle søkarar må kunne dokumentere utgifter til straum eller fjernvarme.
Kommunale eller kommersielle verksemder kan ikkje få tilskot. Det er ikkje høve til å få dekka auka strømutgifter i private heimar.
Søkarane blir bede om å gje følgjande informasjon
- Namn på organisasjon
- Organisasjonsnummer
- Kontaktinformasjon
- Kontonummer
- KWt forbruk desember og januar
- Straum- eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg
- Eventuelle kommentarar
Kommunen skal fordele mottatt tilskotsbeløp mellom godkjente søknadar basert på oppgitt forbruk for desember og januar. Vi forutsett at organisasjonar med straum- eller fjernvarmeutgifter i desember og januar også har utgifter i februar og mars, men for å sikre rask utbetaling blir ikkje søkarane bede om å oppgi forbruk for disse månadane. Kommunen kan derfor bruke forbruket for januar som estimat for forbruk i februar og mars. Der organisasjonane kan dokumentere at forventa straumforbruk for februar og mars er vesentlig høgare enn for januar, kan kommunen vurdere å legge anna dokumentasjon til grunn for berekning av forbruket for februar-mars. Støttesatsen er tilskotet en organisasjon får per kWt forbruk. Støttesatsen er en prosentdel (55 prosent i desember og 80 prosent i januar–mars) av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.
Søknadsfrist 15. mars 2022
Søknaden sendast: post@kviteseid.kommune.no
Ved spørsmål: Elisabeth Lid