Smitteutbrotet vi har hatt i kommunen dei siste vekene verkar å vere under god kontroll. Vi har hatt få eller ingen nye smitta dei siste dagane, og opplever at vi har god oversikt over smittesituasjonen. Det er fint å sjå at tiltaka vi sett i gang fungerer, og at smitten relativt fort kjem under kontroll. Me har vurdert at risikonivået i kommunen er på det lågaste nivået, det vil seie risikonivå 1.
Takk for innsatsen til alle heimar som har vore eller fortsatt er råka!

Dei viktigaste tiltaka framover er at vi
-vaksinerer oss,
-held oss heime når vi er sjuke
-testar oss viss vi har symptom eller får beskjed om at vi er nærkontakt.

Følg lokale tilrådingar når det gjeld testing og karantene.

Med helsing 
Kine Jordbakke 
Kommuneoverlege