Prosjektleiar småbruk og berekraft 2025-2027

 

Vest-Telemarkrådet leitar etter ein samfunnsengasjert person til jobben som prosjektleiar for småbruks- og berekraftsarbeidet i Vest-Telemark. Målet med arbeidet er fast busetting på ledige landbrukseigedomar, auke folketalet og skape meir berekraftig aktivitet og grøn omstilling i regionen.


Arbeidsoppgåver

  • Vera pådrivar for at småbruk/gardsbruk utan fast busetting blir selde eller leigde ut 
  • Byggje gode og innovative system for å effektivisere kartlegging og promotering av ledige småbruk/gardsbruk for sal/utleige
  • Etablere god kommunikasjon med potensielle seljarar/utleigarar og kjøparar av småbruk/gardsbruk
  • Samarbeide tett med forvaltinga i dei seks kommunane i Vest-Telemark, fylkeskommunen og statsforvaltaren
  • Sikre medverknad, deltaking og framdrift i klimaarbeidet til kommunane
  • Bidra til å skaffe eksterne midlar til ulike tiltak i prosjektet

 

Følgjande utdanning og kvalifikasjonar vil bli vektlagde

  • Mastergrad/bachelorgrad frå relevant fagområde
  • Overordna forståing for samfunnsutvikling og utfordringar i distrikta
  • Gjerne erfaring frå prosjektleiing, privat næringsliv, offentleg forvalting og/eller politikk
  • Løysingsorientert og god digital kunnskap
  • Evne til å samarbeide godt
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Evne til å ta direkte kontakt med enkeltpersonar, offentlege instansar og samarbeidspartnarar
  • Gode til å kommunisere både munnleg og skriftleg (nynorsk)

 

Vi tilbyr

  • Fagleg spennande og varierte oppgåver
  • Stillingsbrøk: 100 % prosjektstilling i perioden 2025-2027
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Kontorstad i stort fagleg fellesskap i Kviteseid næringshage

Arbeidsgjevar: Vest-Telemark interkommunalt politisk råd (Vest-Telemarkrådet)

Send søknad og CV på e-post til aa@vt-radet.no innan 28. januar 2025.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Anne Aasmundtveit på telefon 402 38 178.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar skal leverast på intervjuet.

Det er krav om førarkort og eigen bil.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid kjem fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette jf. Offentleglova § 25.