Prosjektleiar 2-årig landbruksprosjekt:
God agronomi i det grøne skiftet
Vest-Telemarkrådet søkjer ein engasjert og fagleg sterk prosjektleiar til eit viktig landbruksprosjekt.
God agronomi i det grøne skiftet skal vera med på å auke verdiskaping og berekraft i jordbruket i Vest-Telemark. Prosjektet byggjer på måla i felles klimaplan for regionen. Dette er dei viktigaste oppgåvene:
- Redusere utslepp av klimagassar frå jordbruket
- Auke karbonbinding gjennom betre agronomisk praksis
- Styrke klimavenlege driftsformer og samhald i landbruksnæringa
Arbeidsoppgåver
- Samarbeide tett med landbruksforvaltinga i dei seks kommunane i Vest-Telemark, faglaga (t.d. Telemark bonde- og småbrukarlag og Telemark bondelag) og andre relevante aktørar
- Planleggje og gjennomføre kompetansetiltak for landbruksnæringa
- Bidra til å formidle og gjennomføre agronomiske tiltak som gjev positive resultat for miljøet og økonomien for den enkelte bonde
- Rapportere resultat og erfaringar til prosjektgruppe, tilskotsgjevarar og andre interessentar
Følgjande utdanning og kvalifikasjonar vil bli vektlagde
- Mastergrad/bachelorgrad frå relevant fagområde
- God kjennskap til landbruk og klimaomstilling
- Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg (nynorsk)
- God digital kunnskap
Vi tilbyr
- Fagleg spennande og varierte oppgåver
- Stillingsbrøk: 60 % prosjektstilling i 2 år
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Kontorstad i stort fagleg fellesskap i Kviteseid næringshage
Arbeidsgjevar: Vest-Telemark interkommunalt politisk råd (Vest-Telemarkrådet)
Send søknad og CV på e-post til aa@vt-radet.no innan 28. januar 2025.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Anne Aasmundtveit på telefon 402 38 178.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar skal leverast på intervjuet.
Det er krav om førarkort og eigen bil.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid kjem fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette jf. Offentleglova § 25.