Då er inngangen til påska her. Nokon jobbar fram til onsdag og andre har vakt heile påska. Eg sender helsing til alle saman.
For meg og kona mi, Ruth, blir det hyttetur i Botnedalen etter kvart. Hytta blir fylt opp med barn og barnebarn. Det blir eit herlig kaos.
I påskehøgtida oppmodar eg dykk alle til å ta vare på kvarandre, til å syna omsorg for dei som treng det mest, og til å finna ro og glede i lag med familie og kjære.
Påskebodskapet er like aktuelt og viktig som alltid. Jesu Kristi siger over døden gjev oss håp om at lys og liv alltid vil sigra over mørke og død. I dette kan me finna trøyst i trua og i fellesskapet med kvarandre.
Tarjei Draugedal
Ordførar