Monica Øygarden og Helene Stensrud, avdelingsleiarar ved heimetenesta og KOS, er på plass i “byen” på kariere dagen.

Dei er godt utstyrt, med klede som matchar dagen, bakst og alt ein kan tilby til folk som jaktar jobb.

Dei er i godt humør og seier dette er ei oppleving som smakar og som dei gjerne gjer igjen.

Nrk radio har funne interesse for å snakka med dei og dei takkar sjølvsagt ikkje nei til eit intervju.