Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Omstillingsprogrammet inviterer til folkemøte

Me ønskjer di meining!

Publisert , Oppdatert 22. januar 2025
Kollage av fleire bnilete frå Kviteseid

Foto: arkiv

FOLKEMØTE – Bulyst, attraktivitet og næring

Kviteseid FRAM og Kviteseid kommune inviterer til folkemøte. Dette blir ein idedugnad der alle som brenn for kommunen kan komma med ideane sine og innspel på korleis kommunen skal utvikla seg dei kommande åra. Her blir det mellom anna kort informasjon om sjølve prosjektet, resultat frå spørjeundersøkinga, og dessutan morosam «work-shop» der me saman skal finna dei gode ideane og satsingsområde i heile kommunen.

Møtet blir arrangert på desse tre stadene:
Tysdag 28. januar - Morgedal Hotell – kl 19.00 – 21.00
Onsdag 29. januar - Kviteseid kommunehus – kl 19.00 – 21.00
Torsdag 30. januar – Vrådal, Straand Hotell (Vrådalssalen)  - kl 19.00 – 21.00

Me sørgjer for ei enkel bevertning. Møt opp! Me ønskjer di meining og engasjement!

Kviteseid FRAM er eit omstillingsprosjekt som mellom anna skal bidra til å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar, sikra eit robust og variert næringsliv, og dessutan utvikle bulyst  bustadattraktiviteten. Programmet har ei varigheit på 3-6 år og kvart år får kommunen tilført midlar over statsbudsjettet (Telemark Fylkeskommune) til dette utviklingsarbeidet.