Reguleringsplan for Midtsundåsen nord/aust er nå vedtatt og arbeidet med å få fram veg, vatn, avløp og straum er i gang. Grunnarbeidet skal lysast ut med krav om overlevering til kommunen 1.mai 2021. Det vil sei at i løpet av tidleg mai kan kjøpar av tomtene starte opp sitt grunnarbeid.
Reguleringsplan og føresegner for tomtene kan de lese her på Kviteseid kommune si heimeside.
Kviteseid kommune ynskjer nå å selje desse tomtene og har satt frist for fyrste salgsrunde 15.desember 2020. Ynskjer du å kjøpe ei tomt sender du ein e-post til roger.brenne@kviteseid.kommune.no innan denne datoen.
Kommunestyret vedtok denne prissettinga 5. november 2020.
Tomter | Pris pr. tomt |
---|---|
B8 - tomt 1, 2, 3 | Kr 250 000,- |
B8 - tomt 4 og 5 | Kr 350 000,- |
BFS3 | Kr 600 000,- |
Er det fleire interessentar til same tomt vil det bli loddtrekking. Fyrste frist for å melde sitt ynskje for å kjøpe ei tomt er 15. desember 2020. Førespurnaden er bindande. Dei som har meldt sin interesse tidlegare må stadfeste at prisen pr. tomt er akseptera. Ei eventuell loddtrekking vil bli 17. desember 2020. Fyrste tildeling av tomter vil bli 18.desember 2020.