3. gongs utlysing Pedagogisk – psykologisk rettleiar i inntil 100 % fast tilsetjing
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) skal hjelpe til at barn, unge og vaksne med særskilde behov blir sikra gode høve for opplæring og utvikling, og vere kommunen sin sakkunnige instans når det gjeld spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning (individuelt tilrettelagt opplæring). I Kviteseid kommune meiner me at den beste hjelpa blir gitt om tenesta er nært på barna, i tett samarbeid med resten av tenesteapparatet. Difor treng vi deg, som trur på og brenn for tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats. PPT vil ligge under kommunalsjef velferd og halde til i Kviteseidbyen. I tråd med ny opplæringslov, kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis og oppvekstreforma, ønskjer Kviteseid å bygge opp ei eiga pedagogisk-psykologisk teneste som jobbar nært barna, føresette og dei tilsette i barnehagar og skular. Me vil ha tett samarbeid med andre kommunar om fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver:
• Samarbeida tett med det eksisterande tenestetilbodet innan somatisk, fysisk og psykisk helse, barnevern, NAV, spesialisthelsetenester og andre relevante tenester
• Kviteseid kommune si lokale PP-teneste skal samarbeide med andre kommunar for å redusere sårbarheiter og kompetanseutvikling
• Kartleggja barn i tidleg fase og sette i gang målretta tiltak så raskt som rå
• Tilvisa, starta opp og utarbeida rapportar og sakkunnig vurdering
• Samarbeida tett med barnehagane og skulane
• Samarbeide med andre PP-tenester for kompetanse- og erfaringsutveksling
Kvalifikasjonar:
• Master- eller bachelorgrad i fag som psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk eller tilsvarande, med integrert testteoretisk kompetanse. Lang relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
• Erfaring frå arbeid med barn, unge og føresette
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• God digital kunnskap
• God kjennskap til barnehagen sin rammeplan, Kunnskapsløftet for skulen og oppvekstreforma
• Erfaring frå anna PPT er ønskjeleg
Personlege eigenskapar:
• Er god på kommunikasjon og samarbeid
• Jobbar proaktivt og ansvarsbevisst
• Har høg arbeidskapasitet
• Er ryddig, strukturert og sjølvstendig
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)
Spørsmål kan rettast til kommunalsjef velferd, Thormod Moi Felle tlf. 92 33 66 94
Søknadsfrist: 12.01.2025