Vrådal barnehage er ein triveleg ein avdelingsbarnehage med 24 plassar for born i alderen 1-6 år. Vi har flott uteområde og dyktige tilsette. Vi er mykje ute med barna og har både turterreng, vatn og gymsal som vi kan nytte oss av. Vårt hovudfokus er tryggleik og gode relasjonar til barna. Vi har ledig: 140% fast stilling som pedagogisk leiar frå 18.08.25 Oppstartsdato og ønskjeleg stillingsstorleik kan tilpassast 

Kvalifikasjonar: Godkjent og gjennomført 3-årig barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning med barnehagepedagogikk. Andre søkarar kan også bli vurdert. 

Arbeidsoppgåver: 

• Førebu, leie og organisere det pedagogiske arbeidet i barnehagen 

• Vera rettleiar og inspirator for andre tilsette 

• Syte for at nødvendig informasjon blir gitt til føresette og tilsette 

• Ansvar for å utarbeide månadsplanar og andre planar som er nødvendig 

• Førebu og gjennomføre foreldresamtaler 

• Utvikle eit trygt og godt foreldresamarbeid Personlege eigenskapar: 

• Tydeleg og varm leiar med barnets beste i fokus 

• Engasjert, leiken og ansvarsfull 

• Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid 

• Gode munnlege og skriftlege ferdigheitar 

• Glad i og interesse for å vera ute og bruke uteområde og nærmiljø 

• Evne til å bygge og leie gode team 

• Positiv, løysingsorientert, fleksibel, sjølvstendig og gode samarbeidsevner.

 Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no) 

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju

Spørsmål kan rettast til styrar Erna Lønnegraff på tlf. 350 55 325 / 47654310

Søknadsfrist 25.03.2025