Kviteseid har ledig næringstomt for utleige på kommunens industriområdet Prestegardshamni. Tomta har gnr/bnr/fnr 33/1/47 og ligg langs Cloumannvegen rett over for Kviteseid brannstasjon. 
Tomta er på 2 264 m2 og den årlege leigeprisen er pr. dags dato
kr 285,- pr. da. Området er rydda for skog og er klar for opparbeiding. 

Formannskapet har vedtatt i sak 29/21 dato 25.03.21 nye retningsliner for utleige av tomter: 
• Etter tinglysing av festekontrakt skal tomt vera opparbeid og klar for etablering innan eit år. Er ikkje dette fylgt opp av leigetakar går tomta tilbake til Kviteseid kommune utan kostnadar for kommunen. 
• På tomtene skal det vera næringsverksemd. Det betyr at verksemda som leiger tomt på næringsarealet skal vera mva. registrera og drive med kjøp/sal eller drift som har næringsomsetning. 
• Retningslinjene er for næringstomter der leigeforhold blir avslutta og som skal leigast ut på nytt.


Søknad sendast til post@kviteseid.kommune.no og merkast med «Søknad om leige av næringstomt 33/1/47». Saman med søknad skal det informerast om søkjar sin bruk av tomta og framdriftsplan. Søknadsfrist er 25.oktober 2021.
 

Prestegardshamni.png