Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig: 

Sjukepleiar/vernepleiar, 52,11% vikariat på natt frå d.d. til 01.05.26, med moglegheit for forlenging. 

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3.helg.

KOS er ein sjukeheim med totalt 30 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand. Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag. Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt viktige lag. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
  • Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege 
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar 
  • Interesse for faget og utvikling av dette
  • God digital kompetanse
  • Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar: 

  • Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg 
  • Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardagar 
  • Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne 
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø 

Me kan tilby: 

  • Årsturnus  
  • Fagleg utvikling
  • Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
  • Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no) 

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. 

Spørsmål kan rettast til avdelingsleiar Helene Stensrud på tlf. 90 21 37 57 eller einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 47 61 89 20 

 

Søknadsfrist: 31.01.25