Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig:
Helsefagarbeidar, sjukepleiarstudent, assistent, 10 x15-20% fast helgestilling, ledig frå d.d.
Stillingane er i turnus, med arbeid i hovudsak kvar 3. helg.
KOS er ein sjukeheim med totalt 30 plassar. Her vil du møte ei variert pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå.
KOS er ein arbeidsplass der menneskje står i sentrum. Hjå oss jobbar me for å gje kvar enkelt pasient ein god kvardag, prega av respekt, varme og fagleg kvalitet.
Arbeidsoppgåver:
- Pleie- og omsorgsoppgåver til pasientar med ulike behov
- Medverke til god livskvalitet for den enkelte
- Tverrfagleg samarbeid
- Observere og dokumentere
Kvalifikasjonar:
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Fagarbeidarar må ha autorisasjon
- Interesse for faget
- God digital kompetanse
- Søkjar må vera over 18 år
Personlege eigenskapar:
- Du tek ansvar og medverkar aktivt til å finne gode løysingar i fellesskap med kollegar
- Du har interesse for å tileigne deg ny kunnskap
- Du likar å arbeide med menneskje og skape gode relasjonar
- Du er strukturert, ryddig og tek initiativ
- Du er positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:
- Årsturnus
- Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved helse- og sosialfagleg grunnutdanning
- Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar følgjer særskilt lønsstige
- Fagleg og personleg utvikling
- Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
- Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til avdelingsleiar Helene Stensrud på tlf. 90 21 37 57 eller einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 47 61 89 20
Søknadsfrist: 31.01.25