Psykisk helse og rusteneste skal i gang med kurs i depresjonsmeistring (kid-kurs) til hausten.
Kurset går over 10 gonger, 2,5 time kvar gong, og leiast av ein kursleiar som er trena i metoden.
Metodane er basert på kognitiv teori, som vektlegg samanheng mellom problemforståing og problemløysing. Kurset er laga for deltakarar som har, eller har hatt, periodar med nedstemthet og symptom på depresjon.
For å bli kjend med og kunne bruke prinsippa som dette kurset er bygd på, er øving i metodar og teknikk nødvendig. Øving skjer både på kursdagane og ved hjelp av oppgåver mellom samlingane.
Dei som vil melde seg på blir kalla inn til ei samtale i forkant.
Oppstart tysdag 17. september frå kl 12 – 14.30.
Påmeldingsfrist tysdag 3. september.
Dersom du ønsker meir informasjon eller vil delta på kurset, ta kontakt med Elin eller Anna Lovise på telefon:
99516347 eller 97191958. 😊