Psykisk helse og rusteneste i Kviteseid skal i gang med nytt kurs i belastningsmeistring. Kva som opplevast som belastning er individuelt, men belastningar som er så omfattande at du ikkje er i stand til å meistre dei på ein måte som du sjølv opplever som akseptabel, kan gje stressreaksjonar.

Desse reaksjonane kan vere:

  • Emosjonelle: fråver av humor og glede, engstelse/uro, irritabilitet, nedstemthet.
  • ​Fysiske: uro, mindre energi, meir slitenhet, søvnproblem, hodepine, muskelsmerter eller mageproblem.
  • Kognitive: bekymringstankar, vanskar med konsentrasjon og hukommelse, tankar om eigne manglar/utilstrekkeleghet, håpløyse og pessimisme.

 

Kva går kurset ut på? 

Kurset er basert på kognitiv teori, som vektlegg samanheng mellom problemforståing og problemløysing. Kurset har fokus på forståinga av samanhengen mellom belastning, meistring og stress. Det jobbast med å kartlegge eigne belastningar og eigen meistrings- og tankestil.

For å bli kjend med og kunne bruke prinsippa som dette kurset er bygd på, er øving i metodar og teknikk nødvendig. Øving skjer både på kursdagane og ved hjelp av oppgåver mellom samlingane. 

Kurset går over 10 gonger, 2,5 time kvar gong. 

Oppstart tysdag 04. mars 2025 frå kl 11 – 13.30.  

 

Eigenandel er på 500,-. 

Påmeldingsfrist tysdag 18. februar. 

Dersom du ynskjer meir informasjon eller vil delta på kurset, ta kontakt med Elin eller Anna Lovise på telefon: 99516347 eller 97191958. 

Dei som vil melde seg på blir kalla inn til ei samtale i forkant.