Då nærmer joli seg med stormskritt. På adventsstaken står det eit einaste ubrent ljos, og regnet slår mot taket. Kakelinna er vel eit ord akkurat på det. Strøarane er ute med traktoren sine og er heltane våre i dag.
No “snur” sola, og me går endeleg mot ljosare tider. Samstundes feirar me at Jesus kom til verda for å gje oss framtid og håp. Mørkeret må vike for ljoset.
Så ein takk til alle frivillige som gjer kommunen vår til ein god plass å bu. Det er dugnadsånda som driv idrettslag, grendelag, menighetar og andre organisasjonar. Alle bør finne seg eit lag, eller fleire, for om ikkje anna, treffe andre. Eit eksempel er Kviteseid turlag. I 2025 skal eg prøve meg på “ti-topparen”. Eit framifrå iniativ slik at endå fleire får opp augaet for friluftslivet vårt.
God Jol og godt nytt år til alle.
Tarjei Draugedal
Ordførar