Kjære alle saman                                                                                                                                   Joli 2022

 

No nærmer året 2022 seg slutten. Det har vore eit år med mange inntrykk og politiske val. 8.des vedtok kommunestyret budsjett for 2023 og økonomiplan 2024-2026, dette er arbeidsdokumentet for administrasjonen fram til neste budsjettvedtak hausten 2023. Dei folkevalde i Kviteseid stiller opp og gjer ein kjempe innsats for heile kommunen, dette krev mykje av kvar og ein. Dette er eit bra lag som det er  godt å være ein del av.

I 2023 skal kommunedirektøren kjøre eit prosjekt for å styrke og vidareutvikle legekontoret i Kviteseid, dette blir eit viktig arbeid. Gode helsetenester skal me ha, derfor har me fått ein strategisk helse og omsorgsplan, og i mai får politikarane handlingsplanar til behandling. Kommunen er ein tenesteytar til innbyggjarane, over 300 tilsette i ulike fag.  

1.august byrja Laila Thorsen som kommunedirektør i Kviteseid, no er det jol og Laila har funne seg godt til rette i kommunen. Laila har stor arbeidskapasitet og det vises i arbeidet ho gjer.

I Kviteseid kommune er det godt å bu, det tenkjer eg det store engasjementet for det som hender viser, alle vil det beste og somme gonger stormar det noko. Det skal me tåle, det er ein robust gjeng som arbeider i administrasjonen. Hugs og å framsnakke når det skjer noko godt, det skjer også mykje bra.

2023 vil nok kome med sine utfordringar, men og med spennande oppgåver. No blir det joleferie og me startar opp med blankeark etter nyttår.

Til slutt vil eg sende ein stor takk til administrasjonen og dei tilsette i Kviteseid kommune som gjer ein stor innsats for at kommunen byr innbyggjarane gode tenester, TAKK!

Med ynskje om ei og fredfull jolefeiring og eit godt nytt år.

 

Bjørn Nordskog

Ordførar.