Dette er ein invitasjon til innspels- og dialogmøte om naturbaserte opplevingar med Nidelva og krafta i vatnet som utgangspunkt.
Faun og Feste er engasjert av Visit Telemark og kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Åmli og Froland for å gjere ei kartlegging av kvalitetar og opplevingar langs Nidelva-vassdraget. Kartlegginga skal avklare kva som er ynskjeleg av tiltak og tilrettelegging for å ta vare på og gjera vassdraget tilgjengeleg. Det handlar om å få oversikt over fysiske kvalitetar, pågåande planar og prosessar og ynskje om verdiskaping.
Sidan mai har vi vore på tre synfaringar i områda dykkar og fått snakke med mange relevante aktørar og grunneigarar. Det er eit flott potensiale i naturen og ikkje minst i folka og næringane som ligg knytt til elva. I tillegg har vi gått gjennom mykje informasjon om historie, kulturminne, industri/ jernbane, pågåande prosessar og planar, turløyper, sykkelløyper og aktivitetstilbod, og overnatting, servering mm.
No er tida kome for å høyre frå dykk som bur og driv verksemder i området. Vi ynskjer flest mogleg innspel og avklaringar knytt til kvar det er mogleg og ynskjeleg med utvikling, og kva område som skal vere urørte. Vi ynskjer eit samarbeid for å styre trafikk og tilreisande, og gje dei av dykk som ynskjer det høve til verdiskaping. Derfor vil vi gjerne snakke med dykk som eig grunn, driv næring og er engasjert i nærområdet.
Agenda:
18.00 Kaffe og velkommen
18.10 Orientering om bakgrunn
18.15 Reiselivsutvikling i system v. Anne-Hege Svartdal, reiselivsdirektør i Visit Telemark
19.00 Pause
19.15 Kort gjennomgang «Nidelva-mulighetsstudie» og funn i kartleggingsfasen v. Faun og Feste
19.45 Diskusjon og innspel
20.30 Avslutning og vel heim
For Fyresdal, Nissedal og Kviteseid: Kinosalen, Fleirbrukshuset Treungen, 19. september kl. 18.00
For Åmli og Froland: Fjøset på Frolands Verk, 27. september kl. 18.00
Håpar å sjå deg!
Med helsing prosjektgruppa
v/Anne-Hege Svartdal, reiselivsdirektør i Visit Telemark